Brelam

Om oss

Brelam er ei foredlingsbedrift som vart etablert i 2017 som er eigd av Jostedal samdrift Da. Alt er produsert av sauekjøt frå produksjonen til Jostedal Samdrift. Med etablering av Brelam følgjer me heile prosessen frå lamming, beite i høgfjellet under breen til tradisjonell foredling.

Både sauehaldet og foredlinga økologisk med godkjenning frå Debio. Deltakarane er Einar Blikra, Magnus Snøtun og Jan Kåre Norberg. Brelam er ei vidareføring av samarbeidet som me starta med fellesdrifta i 2007 og ei felles interesse for å skape eit kvalitetsprodukt med utgangspunkt i ressursane i Jostedalen.

Hovudproduksjonen vert gjennomført i Breheimsenteret der me har fått leige kjøkken, kjøl og frys. Den andre delen av produksjonen – d.v.s. salting, røyking og turking vert gjennomført på garden til Einar. Røyking vil foregå i gammalt stabbur. I røykeprosessen vil det verta nytta einer og or. På garden er det òg laga produksjonslokale som vert brukt til salting og turking.

Brelamkvaliteten

Einar hadde tidlegare laga spekepølse, fenalår og pinnekjøt til eige bruk. Då Brelam vart etablert tok han kontakt med to erfarne produsentar som vart brukt som rådgjevarar/mentorar.

Jakob Sætre hadde jobba ein mannsalder med spekemat og pinnekjøtproduksjon i Nortura. Mange av råda hans vert brukte i salteprosessen til pinnekjøt og fenalårproduksjonen.

Magnhild Dyrdal lærte Einar å lage fermentert spekepølse. Dette er ein framgangsmåte som vart brukt heilt tilbake til vikingtida og før det, ein metode ho hadde lært seg og teke vare på. Ho har fokus på å ikkje tilsetje anna enn salt, men heller få fram den naturlege smaken av kjøtet. Dette får ein ved fermentering. Magnhild gav òg råd i produksjonen av dei andre produkta. Som å få minst mogleg lyseksponering på kjøtet, samt å avslutte turkeprosessen til «rett» tid.

Med råd og lærdom frå desse to dyktige fagpersonane i tillegg til si eiga erfaring har Einar utvikla Brelamkvaliteten.